TIL TABELL Flo og Fjære (link) ____________________ ____________________ Målestasjoner
__________ Rettigheter Kart og flyfotoJa, du kan fritt nytte skjermdump av Kartverkets kart og flyfoto mot kreditering, til dømes frå norgeskart.no og norgeibilder.no. Du finn fleire landkart her og sjøkart her, og her står det om vilkår for bruk. Vilkår for bruk av Kartverkets opne dataAlle som bruker Kartverkets opne datasett, digitale kart, API, tenester og historiske kart, pliktar å setje seg inn i vilkår for bruk. Denne artikkelen omhandlar Kartverkets gratisprodukt. Det vil seie data, tenester og kart som er frigitt for gratis bruk til både kommersielle og ikkje-kommersielle føremål. LisensKartverkets gratisprodukt er lisensierte etter Creative Commons Navngivelse 4.0 international (CC BY 4.0). Dette inneber at Kartverkets namn skal visast i alle samanhengar der produkta eller uttrekk av produkta blir brukt, det vere seg applikasjonar, webløysingar, trykte produkt, illustrasjonar eller anna, på følgjande måte: © Kartverket. Det skal også linkast til nettsidene våre der det er mogleg. Nokre av produkta har opphavsrettsleg vern, nokre har databasevern, og nokre har gått ut på dato. Som det står i CC BY, omfattar denne berre det som er verna, og kravet til å oppgi kjelde gjeld difor så langt produktet er verna eller skal namngis av andre grunnar (god forretningsskikk). For eit produkt som har databasevern, som til dømes Sentralt stedsnavnregister (SSR), må uttrekk av heile eller vesentlege delar merkast, men ikkje enkeltinformasjon. Der ein tar systematisk uttrekk av enkeltinformasjon, må ein oppgi kjelda til dømes med at alle stadnamn er henta frå SSR ©Kartverket, med lenke til kartverket.no. AnsvarKartverkets gratisprodukt blir distribuert slik dei er. Kartverket tar ikkje noko ansvar for bruk og vidarebruk. Brukarane må vere merksame på at kart ikkje alltid stemmer med terrenget, og bruken må skje på aktsamt vis i høve til utstyr og bruksområde. For øvrig dersom ikkje anna er sagt, gjeld dei reglane som følgjer av geodatalova med forskrifter og tilhøyrande retningsliner. Skjermbilete av kart og flyfotoAlle flybilete på norgeskart.no og norgeibilder.no er lisensierte produkt. Det er også dei mest detaljerte karta på norgeskart.no. Det er likevel fritt å bruke skjermbilete, eller skjermdump, av både flybilete og kart frå dei to nettsidene mot å kreditere kjelda: ©norgeskart.no eller ©norgeibilder.no. API og tenesterEnkelte av Kartverkets API/tenester har tekniske avgrensingar. Desse er oppgitt for den enkelte tenesta.
|